Praktisk info

Klassetrinn
Småskulen og mellomsteget

Max antall elever
Ca. 40

Varighet
2-3 timar

Periode
30. og 31. mai, 13., 14. og 15. juni

Pris
Gratis

StedVis i kart
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Denne dagen kan de sjå fram til eventyr framfor peisen, foring og stell av dyra på museumsgarden, hyttebygging med laftestokkane, tur i Eventyrskogen, og meir til.

  

Pedagogisk gjennomføring

Programmet for dagen inneheld to stasjonar styrt av tilsette på museet:

  • Museumsbonden tek dykk med på foring og stell av dyra
  • Museumspedagogen fortel eventyr i eitt av dei gamle husa

I tillegg er det høve til å nytta museet på eiga hand, både med stylter, hesteskokasting og laftestokkar, samt utforsking av Eventyrskogen. 

Om de har ekstra god tid, er det også høve til å besøka barneutstillinga vår. 

 

Skriv gjerne i påmeldinga kva tid de kjem til museet, og kva tid de må reisa att. 

Program spesielt tilpassa dagen dykkar hjå oss vil de få tilsendt seinast ei veke før besøket.

 

 

Kompetansemål

Nokre aktuelle læreplanmål

 

Etter 2. årssteget

  • Utforske og beskrive kulturminne og kultur- og naturlandskapet i nærmiljøet
  • Utforske og presentere korleis menneska levde for éin til to menneskealdrar sidan
  • Utforske eigen kroppsleg bevegelse i leik og andre aktivitetar, åleine og saman med andre
  • Leike og vere med saman med andre i aktivitet i varierte bevegelsesmiljø
  • Utforske naturen i nærmiljøet med varierte aktivitetar til ulike årstider

 

Etter 4. årssteget

 

  • Utforske kulturminne og korleis menneska levde i den tida kulturminna er frå, og samanlikne med korleis vi lever i dag
  • Lese og lytte til fortellinger, eventyr, sangtekster, faktabøker og andre tekster på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiske og andre språk, og samtale om hva tekstene betyr for eleven
  • Utforske og gjennomføre leikar, idrettsaktivitetar, dansar og andre bevegelsesaktivitetar
  • Bruke kroppen til å utforske aktivitetar og utvikle grunnleggjande bevegelsar
  • Utforske uteaktivitetar og samarbeide med andre under vekslande årstider i nærmiljøet
  • Øve på trygg og sporlaus ferdsel i naturen

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er eit friluftsmuseum med bortimot 40 historiske bygg frå mellomalderen fram til vår eiga tid. Friluftsmuseet ligg i eit flott natur- og kulturlandskap, med slåttemarker, åkrar og beiteområde. Her er gangevegar og stiar, leikeplassar og naturløyper, som gjer det til eit attraktivt turområde både for store og små.