Praktisk info

Klassetrinn
Ungdomskule og vidaregåande skule

Max antall elever
Ca. 25

Periode
Heile året

Pris
Gratis

StedVis i kart
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Utan dokter og dyrlege måtte forfedrane våre finna eigne lækjeråder for sjukdom både hjå folk og fe. Dei nytta planter og naturmedisin, men også magi og rein overtru. I dei gamle stovene kjem vi i den rette stemninga, og i folketru-utstillinga ser vi på svartebøker og andre magiske gjenstandar frå bygdene våre.

1800-talet var eit hundreår som førte med seg store endringar: Folketalet dobla seg på kort tid, til dels grunna dei store endringane på helsefeltet. Ved å sjå nærare på ei tid då folkemedisin og offentleg medisin levde side om side, er det mogleg å koma tett på korleis statleg politikk fekk direkte innverknad på menneske sine kvardagsliv. Me ser nærare på eit relevant historisk kjeldemateriale, som set i gang ein diskusjon kring kjeldekritikk og korleis å lesa historiske tekstar.

 

Kompetansemål

Nokre aktuelle læreplanmål

 

Etter 10. årssteget

 

  • Visa korleis hendingar kan framstillast ulikt, og drøfta korleis interesser og ideologi kan prega synet på kva som blir opplevd som fakta og sanning
  • Reflektera over samfunnsfaglege spørsmål ved hjelp av informasjon frå ulike digitale og papirbaserte kjelder og diskutera formål og relevans til kjeldene
  • Skapa forteljingar om menneske frå ulike samfunn i fortid og notid og visa korleis livsvilkår og verdiar påverkar tankar og handlingar
  • Presentera viktige utviklingstrekk i norsk historie på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet og beskriva korleis dei peikar fram mot samfunnet i dag

 

Vidaregåande

 

  • Finna og vurdera historisk materiale som kjelder og bruka det i historiske framstillingar
  • Presentera ein historisk person og diskutera korleis samtidige samfunnsrammer påverka denne personen sine handlingar
  • Gjera greie for befolkningsutviklinga i et lokalsamfunn over en lengre periode og diskutera kva slags faktorar som har hatt innverknad på innbyggjarane sin livssituasjon
  • Referera til og vurdera kjelder i aktuelle faglege situasjonar

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er eit friluftsmuseum med bortimot 40 historiske bygg frå mellomalderen fram til vår eiga tid. Friluftsmuseet ligg i eit flott natur- og kulturlandskap, med slåttemarker, åkrar og beiteområde. Her er gangevegar og stiar, leikeplassar og naturløyper, som gjer det til eit attraktivt turområde både for store og små.