Praktisk info

Klassetrinn
Grunnskule og vidaregåande skule

Max antall elever
Ca. 50, eller etter avtale

Varighet
3-4 timar

Periode
1., 2., 6., 7. og 8. desember

Pris
Gratis inngang. 50 kr per pers for graut, om ein ynskjer det.

StedVis i kart
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Annet
Det er kaldt i dei gamle husa, så det er viktig å kle seg etter vêret

Ein skuledag på museet har vorte fast førjulstradisjon for mange av skulane i Sogn. Her høyrer me om arbeid og juleskikkar på den gamle garden, me skriv julekort, syng julesongar, og et julegraut – med mandel. Dagen blir avslutta i kyrkjeutstillinga, der elevane sjølve les juleevangeliet.

 

 

Pedagogisk gjennomføring

  • Julesong og skriving av julekort med penn og blekk i skulestova Helgheim frå 1875
  • Me snakkar om arbeid, juleskikkar, tru og overtru i ei av dei gamle stovene
  • Juleverkstad inne i hovudbygningen
  • Servering av graut med mandel og premie (om ynskjeleg)
  • Julesongar og lesing av juleevangeliet i kyrkjeutstillinga

 

Kompetansemål

Etter 2. årssteget

  • Uttrykka eigne tekstopplevingar gjennom ord, teikning, song og andre estetiske uttrykk
  • Skriva setningar med store og små bokstavar og punktum i eiga handskrift
  • Samtala om innhald og form i eldre og nyare songar, regler og dikt

 

Etter 4. årssteget

  • Kjenna til kristen salmetradisjon og eit utval songar
  • Kjenne att historiske spor i eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke
  • Skriva med samanhengande og funksjonell handskrift
  • Samtala om songar, regler, dikt, forteljingar og eventyr frå fortid og notid
  • Gjere sitt til trivsel i samband med måltida

 

Etter 7. årssteget

  • Gjera greie for sentrale forteljingar frå Det nye testamente frå Jesus til Paulus

 

Etter 10. årssteget

  • Drøfta kristendomens betydning for kultur og samfunnsliv

 

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er eit friluftsmuseum med bortimot 40 historiske bygg frå mellomalderen fram til vår eiga tid. Friluftsmuseet ligg i eit flott natur- og kulturlandskap, med slåttemarker, åkrar og beiteområde. Her er gangevegar og stiar, leikeplassar og naturløyper, som gjer det til eit attraktivt turområde både for store og små.