Denne skuledagen spenner frå dagleglivet til magien og verdspolitikken: Elevane ber vatn og vaskar klede, dei forskar og leitar etter liv i vatnet, og dei ser korleis vatnet driv bekkekverna og produserer elektrisitet. Vi kjem også innom magiske førestellingar om vatnet, og vass-situasjonen i verda.
Pedagogisk gjennomføring
Klassen vert delt i tre grupper, som skal innom desse stasjonane:
Vatn i naturen: Livet oppstår i vatn, og alt liv er avhengig av vatnet. Me snakkar om vatnet sitt kretsløp, og korleis vatnet formar naturen rundt oss. Me er også forskarar som leitar etter liv i dammen og studerer insekt o.a. i mikroskopet.
Vatn som kraftkjelde: ”Vatn er den sterkaste drykken, det driv både kvern og sag,” heiter det i eit gammalt ordtak. På denne posten ser vi nettopp på korleis vasskrafta kan nyttast på ulike måtar, mellom anna til å driva bekkekverna og til å laga elektrisitet.
Vatn i hushaldet: All busetnad må ha tilgang til vatn, og i vår tid brukar vi dagleg store vassmengder i hushaldet. Vi drøfter bruk av vatn til folk og dyr, reinhald og hygiene og andre aktuelle tema. Det er vaskedag på husmannsplassen Henjasanden, og da må alle hjelpa til med å bera vatn med vass-sele og vaska klede ved dammen.
På slutten av dagen samlast alle. Me høyrer då om vatnet i folketrua, og dei mystiske vesena som ein finn der.
Kompetansemål
Etter 2. årssteget
- Stilla spørsmål, samtala og filosofera rundt naturopplevingar og mennesket sin plass i naturen
- Bruke sansane til å utforska verda i det nære miljøet
- Skildra, illustrera og samtala om eigne observasjonar frå forsøk og frå naturen
- Gjennomføra aktivitetar i nærområdet for å læra om naturen og samtala om kvifor dette er viktig
Etter 4. årssteget
- Kjenna att historiske spor i eige lokalmiljø og undersøkja lokale samlingar og minnesmerke
- Leika og vera med i aktivitetar i varierte miljø der sansar, motorikk og koordinasjon blir utfordra
- Samhandla med andre i ulike aktivitetar
Etter 7. årssteget
- Skildra utviklinga i levekåra for kvinner og menn og framveksten av likestilling i Noreg
- Forklara samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis
- Gjera greie for bruken av nokre energikjelder før og no, og innhenta informasjon og statistikk frå ulike kjelder for å beskriva og diskutera moglege konsekvensar av energibruken for miljøet lokalt og globalt
Etter 10. årssteget
- Presentera viktige utviklingstrekk i norsk historie på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet og beskriva korleis dei peikar fram mot samfunnet i dag
- Gjera greie for teknologiske og samfunnsmessige endringar som følgje av den industrielle revolusjonen
- Undersøkja korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi i Noreg og i andre land i verda og drøfta premissar for berekraftig utvikling
- Undersøkja og diskutera bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skapa lokalt og globalt
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er eit friluftsmuseum med bortimot 40 historiske bygg frå mellomalderen fram til vår eiga tid. Friluftsmuseet ligg i eit flott natur- og kulturlandskap, med slåttemarker, åkrar og beiteområde. Her er gangevegar og stiar, leikeplassar og naturløyper, som gjer det til eit attraktivt turområde både for store og små.