Praktisk info

Klassetrinn
Passar for alle aldrar

Max antall elever
Halv klasse er ideelt, kan tilpassast

Varighet
Etter avtale

Periode
Heile skuleåret

Pris
Gratis for grunnskule og barnehage, elles pris etter avtale

StedVis i kart
Smelteverket 109, Odda (øvst i gågata)

Annet
Høve til å eta niste i lokalet

Delta i eksperiment og utforsk den interaktive utstillinga i laboratoriet på det gamle smelteverket!

Treng de ein inspirerande introduksjon til eit nytt realfagleg tema? Eller vil du begge gjera noko kjekt og lærerikt med klassen eller barnehagegruppa? Me kan skreddersy små elevforsøk og demonstrasjonar etter kva de ynskjer, eller de kan berre uforska utstillinga på eigahand.

Kraftlaben er eit lite vitensenter som held til i eit sjarmerande og autentisk laboratorium frå den gongen smelteverket definerte Odda by. Me har interaktiv utstilling med tema som mellom anna elektrisitet og vasskraft, elektromagnetisme, lys og lyd mm, som passar for alle aldrar.

Ta kontakt, så skreddarsyr me besøket! 

 

 

Pedagogisk gjennomføring

Me organiserer besøket og opplegget etter avtale.

Kompetansemål

Undervisingsopplegg kan dekkja mål i naturfag og matematikk etter avtale.

Kraftmuseet

Kraftmuseet formidlar historie og dagsaktuell kunnskap knytt til elvar og vatn, vasskraftproduksjon, elektrisitet, kraftkrevjande industri og industristaden. Det er eit overordna mål å syna mennesket i høve til heim, arbeidsplass, samfunn og natur. Me formidlar på fleire ulike arenaer i Tyssedal og Odda, og har tema som spenn frå det tekniske og realfaglege, via natur, miljø og klima og til det sosiale, politiske og kulturelle. Kraftmuseet si viktigaste målgruppe er born og unge. Museet skal nå publikum med lærdom og opplevingar som fremjer kritisk refleksjon og skapande innsikt.