Praktisk info

Klassetrinn
5.-7.trinn

Max antall elever
30

Varighet
3-5 timar

StedVis i kart
Lyngheisenteret

Annet
Opplegga kan tilpassast. Kontakt for avtale. epost: lyngheisenteret@muho.no, tlf: 56356410

Vi kan tilby undervisningsaktivitetar som rommar alt frå praktisk gardsarbeid og tradisjonell bruk av utmarka, til utforsking av kulturminne og landskapet. Her kan du bli kjend med plantar og dyr i lyngheia og fjøra, eller hausting av råvarer og matlaging i matstova vår. Saman reflekterer vi over korleis me kan leva berekraftig.

 

På Lyngheisenteret har vi fleire ulike tema du kan velje mellom. For 5. til 7. trinn kan vi tilby følgjande tema:

 

Skjøtsel av kulturlandskap

Elevane får vere med på skjøtselsarbeid i utmarka som til dømes lyngslått om hausten og einstapeslått om våren. Om våren kan de sjå korleis ein tar torv til brensel. Tidleg om våren vert lyngen svidd.

 

Kulturminne på Lygra

Kva er eit kulturminne? Vi går på leiting i landskapet etter bygg, anlegg og spor etter menneske. Kva vert bygningar og steingardane nytta til? Kan vi finne gravhaugar og kolmiler frå vikingtida?

Vi kan ta båt over til øya Lurekalven der det ligg spor etter gardsanlegg frå vikingtid/mellomalder.

 

Plantar og dyr i lyngheia

Kva for plantar og dyr kan vi finne i lyngheia? Vi samlar inn plantar og smådyr og sorterer dei. Kan vi setja namn på dei? Er det nokre fuglar vi kjenner att? Kva kan vi bruke ulike plantar til? Kanskje vi kan prøve plantefarging?

 

Istid og landsformer - Steinalder og buplassar

Kva skjedde då isen smelta? Kor høgt sto havet på Lygra? Vi ser på strandlinja som har flytta seg, berggrunn og stein som er forma av isen.

Kor budde folk i steinalderen og kva levde dei av?

Turen vert ei vandring i tid på leiting etter kor folk budde i steinalderen før ein begynte å dyrke jorda. 

 

Vikingtid og mellomalder

Kva spor kan vi finne i landskapet frå vikingtid? Vi leiter etter gravhaugar, kolmiler og ein gamal gard. Vi må dra med båt over til Lurekalven for å sjå spor etter eit gardsanlegg frå vikigtid og mellomalder.

 

Bronsealder og jernalder

Kva for viktige forbetringar for folk skjedde i denne tidsepoken? Kva fekk reiskap av jern å seia for korleis folk levde og utnytta naturen? Korleis endra landskapet seg med desse nyvinningane? Vi fekk faste gardsanlegg i jernalder. Vi ser på ljåen som gjorde at folk kunne ta til å slå gras og etablere enger, og slå lyng. Elevane får prøve seg på å slå med ljå. Vi ser og på gravhaugar frå yngre jernalder. 

 

Pedagogisk gjennomføring

For ein skuleklasse frå barnetrinnet kan dagen ta til med film og utstilling, før vi går ut i landskapet og er med på ulike aktiviteter på garden eller i utmarka.

Sjå nettsida vår for meir informasjon:

https://muho.no/lyngheisenteret/undervising 

Kompetansemål

I læreplanverket er berekraftig utvikling og livsmeistring overordna tema. På Lyngheissenteret får elevane erfaring med berekraftig matproduksjon og kunnskap om å verne om naturressurser, bevare biologisk mangfold og bidra til en berekraftig utvikling.  

Våre undervisningsopplegg kan dekke kompetansemål innan mat og helse, kroppsøving og kunst og handverk. Dei er og svært relevante innan naturfag og samfunnsfag.

 

Eksempel på relevante kompetansemål kan vera: 

Samfunnsfag 

Kompetansemål etter 7.trinn:

  • utforske korleis menneske i fortida livnærte seg, og samtale om korleis sentrale endringar i livsgrunnlag og teknologi har påverka og påverkar demografi, levekår og busetjingsmønster

 Naturfag 

Kompetansemål etter 7.trinn:

  • gi eksempler på hvordan tradisjonell kunnskap har bidratt og bidrar til naturvitenskapelig kunnskap
  • gjøre rede forbetydningen av biologisk mangfold og gjennomføre tiltak for å bevare det biologiske mangfoldet i nærmiljøet
  • foreslå tiltak for å bevare det biologiske mangfoldet i nordområdene og gi eksempler på betydningen av tradisjonell kunnskap i naturforvaltning
  • utforske og beskrive ulike næringsnett og bruke dette til å diskutere samspill i naturen

Lyngheisenteret

Opplev lyngheiene og kulturlandskapet på Lygra, med det rike fuglelivet, floraen og faunaen på øya. Lær om ressursbruken på ein lyngheigard i gamle dagar, som står i sterk kontrast til dagens bruk-og-kast-samfunn. Kva kan du gjere for å leve meir miljøvennleg?