Praktisk info

Klassetrinn
1.-4.trinn

Max antall elever
30

Varighet
Opplegg frå 3-5 timar

Periode
Heile året

StedVis i kart
Lyngheisenteret

Annet
Opplegga kan tilpassast. Kontakt for avtale. epost: lyngheisenteret@muho.no, tlf: 56356410

Vi kan tilby undervisningsaktivitetar som rommar alt frå praktisk gardsarbeid og tradisjonell bruk av utmarka, til utforsking av kulturminne og landskapet. Her kan du bli kjend med plantar og dyr i lyngheia og fjøra, eller hausting av råvarer og matlaging i matstova vår. Saman reflekterer vi over korleis me kan leva berekraftig.

 

På Lyngheisenteret har vi fleire ulike tema du kan velje mellom. For 1. til 4. trinn kan vi tilby følgjande tema:

Gardsbesøk

Besøk Magnusgarden og møt dyra der. Lær meir om kor maten vår kjem frå og korleis ein dreiv gard i gamledagar. Kanskje du kan bli med på hausting?

 

Kulturminne på Lygra

Kva er eit kulturminne? Vi går på leiting i landsskapet etter bygg, anlegg og spor etter menneske. Kva vert bygningar og steingardane nytta til? Kan vi finne gravhaugar og kolmiler frå vikingtida?

Vi kan ta båt over til øya Lurekalven der det ligg spør etter gardsanlegg frå vikingtid/mellomalder.

 

Plantar og dyr i lyngheia

Kva for plantar og dyr kan vi finne i lyngheia? Vi samlar inn plantar og smådyr og sorterer dei. Kan vi setja namn på dei? Er det nokre fuglar vi kjenner att? Kva kan vi bruke ulike plantar til? Kanskje vi kan prøve plantefarging?

 

Istid og landsformer - Steinalder og buplassar

Kva skjedde då isen smelta? Kor høgt sto havet på Lygra? Vi ser på strandlinja som har flytta seg, berggrunn og stein som er forma av isen.

Kor budde folk i steinalderen og kva levde dei av?

Turen vert ei vandring i tid på leiting etter kor folk budde i steinalderen før ein begynte å dyrke jorda.  

 

Pedagogisk gjennomføring

For ein skuleklasse frå barnetrinnet kan dagen ta til med film og utstilling, før vi går ut i landskapet og er med på ulike aktiviteter på garden eller i utmarka.

Sjå nettsida vår for meir informasjon:

https://muho.no/lyngheisenteret/undervising 

Kompetansemål

I læreplanverket er berekraftig utvikling og livsmeistring overordna tema. På Lyngheissenteret får elevane erfaring med berekraftig matproduksjon og kunnskap om å verne om naturressurser, bevare biologisk mangfold og bidra til en berekraftig utvikling.  

Våre undervisningsopplegg kan dekke kompetansemål innan mat og helse, kroppsøving og kunst og handverk. Dei er og svært relevante innan naturfag og samfunnsfag.

 

Eksempel på relevante kompetansemål kan vera: 

Samfunnsfag 

Kompetansemål etter 2.trinn:·        

- utforske og beskrive kulturminne og kultur- og naturlandskapet i nærmiljøet·        

- utforske og presentere korleis menneska levde for éin til to menneskealdrar sidan 

Kompetansemål etter 4.trinn:·        

- utforskekulturminne og korleis menneska levde i den tida kulturminna er frå, og samanlikne med korleis vi lever i dag-

- beskrive kultur- og naturlandskap i Noreg og samtale om korleis historiske og geografiske kjelder, inkludert kart, kan gi informasjon om landskap·        

- utforske og gi døme på nokre sider ved berekraftig utvikling 

 

Naturfag 

Kompetansemål etter 2.trinn:       

- samtale om hvordan vi kan ta miljøbevisste valg og gjennomføre lokale miljøtiltak         

- utforske et naturområde i nærmiljøet og beskrive hvordan noen organismer er tilpasset området og hverandre 

Kompetansemål etter 4.trinn:       

- utforske et naturområde og drøfte bærekraftig bruk av området       

- utforske og sammenligne ulike dyre- og plantearters tilpasninger til miljø og levesteder og drøfte hvorfor noen arter dør ut       

- delta i høsting og bruk av naturressurser og drøfte hvordan naturressurser kan brukes på en bærekraftig måte         

- gi eksempler på god dyrevelferd og reflektere over hvordan dyrs behov kan ivaretas

Lyngheisenteret

Opplev lyngheiene og kulturlandskapet på Lygra, med det rike fuglelivet, floraen og faunaen på øya. Lær om ressursbruken på ein lyngheigard i gamle dagar, som står i sterk kontrast til dagens bruk-og-kast-samfunn. Kva kan du gjere for å leve meir miljøvennleg?