Praktisk info

Klassetrinn
8.-10-trinn

Max antall elever
30

Varighet
3-5 timar

StedVis i kart
Lyngheisenteret

Annet
Opplegga kan tilpassast. Kontakt for avtale. epost: lyngheisenteret@muho.no, tlf: 56356410

Vi kan tilby undervisningsaktivitetar som rommar historia frå steinalderen til i dag, byggjeskikk og kulturminne, skjøtsel av kulturlandskapet, fiskarbonden og lyngheia som økosystem. Kva spor frå fortida finn vi i naturen, og kva kan vi læra av dei som levde før oss om berekraft i dag?

På lyngheisenteret har vi fleire ulike tema du kan velje mellom. For ungdomstrinnet kan vi tilby følgjande tema:

 

Skjøtsel av kulturlandskap

Elevane får vere med på skjøtselsarbeid i utmarka som til dømes lyngslått om hausten og einstapeslått om våren. Om våren kan de sjå korleis ein tar torv til brensel. Tidleg om våren vert lyngen svidd.

 

Lyngheia som økosystem

Kva er eit kulturlandskap? Kva for skjøtseltiltak må ein gjere i lyngheiane? Korleis må planter og dyr tilpasse seg bruken i lyngheia? Vi samlar inn planter og smådyr og sorterer dei. Kan vi setje namn på dei? Kan vi sette opp næringskjeder? Kva for naturressurs har folk hausta frå lyngheiane og kva trugsmål står lyngheiane overfor i dag?

 

Kulturminne på Lygra

Kva er eit kulturminne? Vi går på leiting i landsskapet etter bygg, anlegg og spor etter menneske. Kva vert bygningar og steingardane nytta til? Kan vi finne gravhaugar og kolmiler frå vikingtida?

Vi kan ta båt over til øya Lurekalven der det ligg spør etter gardsanlegg frå vikingtid/mellomalder.

 

Plantar og dyr i lyngheia

Kva for plantar og dyr kan vi finne i lyngheia? Vi samlar inn plantar og smådyr og sorterer dei. Kan vi setja namn på dei? Er det nokre fuglar vi kjenner att? Kva kan vi bruke ulike plantar til? Kanskje vi kan prøve plantefarging?

 

Byggjeskikk og kulturminne

Kva er eit kulturminne? Kva for byggjemateriale har folk nytta? Kva vert ulike bygg og anlegg nytta til? Vi ser på steingardar og ulike bygningar som gardflor, torvhus og moldhus i lyngheilandskapet. Kva er typisk vestnorsk byggjeskikk for våningshus og driftsbygning? Vi ser på lemstove og grindbygd løe. 

 

Istid og landsformer - Steinalder og buplassar

Kva skjedde då isen smelta? Kor høgt sto havet på Lygra? Vi ser på strandlinja som har flytta seg, berggrunn og stein som er forma av isen.

Kor budde folk i steinalderen og kva levde dei av?

Turen vert ei vandring i tid på leiting etter kor folk budde i steinalderen før ein begynte å dyrke jorda. 

 

Vikingtid og mellomalder

Kva spor kan vi finne i landsskapet frå vikingtid? Vi leiter etter gravhaugar, kolmiler og ein gamal gard. Vi må dra med båt over til Lurekalven for å sjå spor etter eit gardsanlegg frå viktigtid og mellomalder.

 

Bronsealder og jernalder

Kva for viktige forbetringar for folk skjedde i denne tidsepoken? Kva fekk reiskap av jern å seia for korleis folk levde og utnytta naturen? Korleis endra landsskapet seg med desse nyvinningane? Vi fekk faste gardsannlegg i jernalder. Vi ser på ljåen som gjorde at folk kunne ta til å slå gras og etablere enger, og slå lyng. Elevane får prøve seg på å slå med ljå. Vi ser og på gravhaugar frå yngre jernalder.

 

Livet i fjøra

Kva for plantar og dyr finn vi ved fjøra? Vi samlar inn plantar og smådyr og sorterer dei. Kan vi setje namn på dei? 

 

Pedagogisk gjennomføring

For ein skuleklasse frå ungdomstrinnet kan dagen ta til med film og utstilling, før vi går ut i landskapet og er med på ulike aktiviteter på garden eller i utmarka.

Sjå nettsida vår for meir informasjon:

https://muho.no/lyngheisenteret/undervising 

Kompetansemål

I læreplanverket er berekraftig utvikling og livsmeistring overordna tema. På Lyngheissenteret får elevane erfaring med berekraftig matproduksjon og kunnskap om å verne om naturressurser, bevare biologisk mangfold og bidra til en berekraftig utvikling.  

Våre undervisningsopplegg kan dekke kompetansemål innan mat og helse, kroppsøving og kunst og handverk. Dei er og svært relevante innan naturfag og samfunnsfag. Vi kan og tilby opplegg for ulike valfag, til dømes arbeidslivsfag, kulturarv, reiseliv og friluftsliv.

Naturfag

Kompetansemål etter 10.trinn:

  • gi eksempler på og drøfte aktuelle dilemmaer knyttet til utnyttelse av naturressurser og tap av biologisk mangfold

Samfunnsfag

Kompetansemål etter 10.trinn:

  • reflektere over korleis menneske har kjempa og kjempar for endringar i samfunnet og samstundes har vore og er påverka av geografiske forhold og historisk kontekst
  • samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag
  • beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftige samfunn

Lyngheisenteret

Opplev lyngheiene og kulturlandskapet på Lygra, med det rike fuglelivet, floraen og faunaen på øya. Lær om ressursbruken på ein lyngheigard i gamle dagar, som står i sterk kontrast til dagens bruk-og-kast-samfunn. Kva kan du gjere for å leve meir miljøvennleg?