Praktisk info

Klassetrinn
8. trinn til VGS.

Max antall elever
30 (opptil 90 ved avtale)

Varighet
2 timer (2.5 timer inkl. lunsj)

Periode
Hele året

Pris
GRATIS

StedVis i kart
Nordsjøfartmuseet

Nordsjøfartmuseet handlar om sterke historier, nokon om heltemot, andre om avmakt og svik. Korleis ville du handla, om du blei satt i same situasjon?

Kvar gruppe får utlevert ein fiktiv historisk karakter frå krigen. Personen blir satt i ein vanskeleg situasjon, og må gjere eit val. Valet vil få konsekvensar for ein sjølv og andre. Elevane skal førestille seg kva personen tenkte kring situasjonen, og drøfte kva ho kunne vite om konsekvensane av valet ho måtte ta. Oppgåvene øver elevane i å nytte museet som kjelde og å tenkje historisk. Dei får nytte kunnskap og kreativitet til å skape ein truverdig karakter, og dei får drøfte kva rolle etikk, moral og eigen tryggleik speler for ein enkeltperson under eit diktatorisk regime i krigstid.  

Nordsjøfartmuseet handlar om menneskje som tok lagnadstunge val. Nokon heilt frivillig, andre under tvang. Nokon val var kanskje uunngåelege. Felles for dei alle var at dei blei tatt i ein påtvinga situasjon, kor det einskilde menneskje måtte finne seg ein plass. Dette kan ein knytte til læremåla i historiefaget på fleire nivå. I dette opplegget får elevane kunnskap om spesifikke forhald under den andre verdskrigen, men dei får og øving i meir generelle sider av faget.

Pedagogisk gjennomføring

  • Elevane arbeider i grupper. Introduksjon av pedagogen, visning av film og sjølvstendig arbeid i utstillingane.
  • Kvar gruppe får ca 5 minutt til å presentere arbeidet i plenum. Dei kan sjølv velje presentasjonsform. Museumspedagogen samtaler med kvar gruppe om drøftinga som ligg bak presentasjonen.

Kompetansemål

Historie VG3 Studieforberedende utdanningsprogram:

Eleven skal kunne

  • presentere en historisk person og drøfte hvordan samtidige ideer og samfunnsforhold påvirket denne personens tenkemåter og handlinger.
     

Samfunnsfag etter 10.årssteget:


Eleven skal kunne:

  • skape forteljingar om menneske i fortida, og slik vise korleis rammer og verdiar i samfunnet påverkar tankar og handlingar.

Nordsjøfartmuseet

Sterke historier om motstandskampen ved kysten og terroren som utsletta Telavåg under andre verdskrigen.