Praktisk info

Klassetrinn
Ungdomsskule og VGS

Max antall elever
Etter avtale

Varighet
3 timar

Periode
Heile skuleåret

Pris
GRATIS

StedVis i kart
Olav H. Hauge-senteret, Promenaden 7, Ulvik

Bli kjend med den unge diktaren Olav H. Hauge, som berre ville lesa og skriva. Slå deg laus og kjenn på di eiga skaparkraft i Poesiverkstaden.

«Ein tanke slo meg her um dagen» er det fyrste Olav H. Hauge skriv i dagboka si som 16-åring. Det vert starten på eit langt litterært liv. I dette undervisingsopplegget får elevane verte betre kjende med den unge Olav som søkte seg mot bøkene si verd. Han som skilte seg ut frå dei andre på sin alder fordi han interesserte seg for å lese og skrive. Spennande oppgåver og stor takhøgde gjer at kreativiteten sit laust, og elevane får kjenne på si eiga skaparkraft i Poesiverkstaden.

 

Foto Ingvil Skeie Ljones 

 

Pedagogisk gjennomføring

  • Omvising med fokus på den unge Hauge
  • Løyse oppgåver i utstillinga
  • Kreativ skriveverkstad med presentasjon for dei andre elevane
  • Film om og med Olav H. Hauge

 

Kompetansemål

Vi ynskjer at elevane skal få ei betre forståing av lyrikk som sjanger, bli betre kjende med lyrikk som uttrykksform og oppdage at dei dagleg omgjev seg med mange ulike former for lyrikk.

I møtet med lesaren og skrivaren Olav H. Hauge blir elevane utfordra til å tenkje på seg sjølve som lesarar og skrivarar. I ei digital verd, der kommunikasjonen går stadig raskare, håpar vi at det refleksjonsrommet som Hauge skapte seg, i lesing og skriving, kan vekke ettertanke. I poesiverkstaden legg vi til rette for at alle skal få kjenne på skaparkrafta og kreativiteten i det å uttrykka seg skriftleg. 

Kompetansemål i norskfaget etter 10. trinn:

  • lese dikt på nynorsk og reflektere over tekstane sitt formål, innhald, verkemiddel og formål
  • utforske og reflektere over korleis tekstar framstiller unge sin livssituasjon
  • informere, fortelje, argumentere og reflektere munnleg og skriftleg om lyrikk
  • uttrykkje og eksperimentere seg i lyrikk på kreative måtar

Kompetansemål i norskfaget etter Vg1 (SF):

  • lese, analysere og tolke nyare lyrikk på nynorsk 
  • reflektere over korleis tekstar framstiller møter mellom ulike kulturar
  • kombinere verkemiddel og uttrykksformer kreativt i eigen tekstskaping

 Kompetansemål i norskfaget etter Vg2 (SF):

  • tolke tekstar i kontekst
  • bruke tilbakemeldingar og kunnskap om språk, tekst og sjanger til å utvikle eigne tekstar
  • bruke fagkunnskap og retoriske ferdigheiter i norskfaglege diskusjonar og presentasjonar

 Kompetansemål i norskfaget etter Vg3 (SF):

  • analysere og tolke lyrikk på nynorsk frå 1850 til i dag og reflektere over tekstane i lys av den kulturhistoriske konteksten og eigen samtid
  • bruke fagkunnskap og presist fagspråk i utforskande samtalar, diskusjonar og munnlege presentasjonar om norskfaglege emne
  • greie ut om endringar i talespråk i Norge i dag og reflektere over samanhengar mellom språk, kultur og identitet

Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum gir born og vaksne gode opplevingar av språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk. Du finn oss ved Haugesenteret i Hardanger, Aasentunet på Sunnmøre og Vinjesenteret i Telemark.