Praktisk info

Klassetrinn
3-5 år og 1.- 7. trinn

Max antall elever
Opplegget kan tilpassast større og mindre grupper

Varighet
1-2 timar

Periode
Heile året

Pris
Gratis

StedVis i kart
Olav H. Hauge-senteret, Promenaden 7, Ulvik

Annet
Opplegget vert skreddarsydd for aldersgruppa. Borna kan eta medbrakt matpakke i museet sine lokale

Høyr korleis diktaren Olav H. Hauge var som liten gut, gå på kattejakt/ oppdagingsferd i utstillinga og føl deg fram. Vert med å utforsk museet og lyrikk med sansane, teikning, språk og ord!

Utstillingane på Haugesenteret har installasjonar om både Olav H. Hauge, lyrikk og musikk som ein både kan sjå, høyre og ta på. I basisutstillinga kan du eksempelvis slå nummeret til Hauge på ein gamal bakelittelefon og Hauge svarar sjølv med eit dikt. I Poesiverkstaden ligg det til rette for å utforske alle sansane (høyrsel, smak, lukt, varme, kulde, berøring) gjennom magnetpoesi, teikning og andre aktivitetar. 

Katten til Olav H. Hauge har gøymt seg fleire stadar i utstillinga. Ved å fylgje kattespora finn dei yngste borna katten på uventa stader og vert samstundes kjent med både Hauge og katten. Dei eldste borna vil få ei anna, tilnærma, oppdagingsferd. Når alle kattespor er funne er det lesestund og aktivitetar i Poesiverkstaden.

Undervisingsopplegget vert skreddarsydd for gruppa.

Pedagogisk gjennomføring

Pedagogisk gjennomføring:

  • Formidlar fortel om Olav H. Hauge som ung
  • Kattejakt/ oppdagingsferd
  • Formidlar les frå ei nyare nynorsk bok og samtalar om den med borna
  • Aktivitetar med sansane, teikning, språk og ord i Poesiverkstaden
  • Undervisingsopplegget vert skreddarsydd for gruppa

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foto: Hauge-senteret/Ingvil Skeie Ljone

Kompetansemål

«Tanke og draum er himmelske køyrety», sa Olav H. Hauge. Gjennom å verte kjend med Olav H. Hauge og hans diktarverk ynskjer me å syne korleis tanke, draum og fantasi er ei viktig drivkraft for menneske, og korleis me kan bruke sansar, ord og litteratur til å uttrykkje oss. I tråd med Rammeplan for barnehage og kompetansemål i skulen tilbyr me eit stimulerande læringsmiljø som oppmodar til samtale om litteratur og språk, leik og utforsking av skriftlege og visuelle uttrykksformer. Me håpar å stimulere og oppmuntre til fantasi, skrive- og leseglede!

 

Rammeplan for barnehage:

  • utfordre tenkinga til borna og invitere dei inn i utforskande samtalar
  • støtte og bidra til barnas initiativ, undring, nysgjerrigheit, kreativitet, læringslyst og tiltru til eigne evner
  • støtte barnas refleksjonar rundt situasjonar, tema og fenomen og skape forståing og meining saman med dei
  • sørgje for at alle barn kan få rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar
  • stimulere den verbale og ikkje-verbale kommunikasjonen til barna og leggje til rette for at alle barn blir involverte i samspel og samtalar
  • uttrykkjer kjensler, tankar, meiningar og erfaringar på ulike måtar
  • opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale
  • utforskar og gjer seg erfaringar med ulike skriftspråklege uttrykk, til dømes leikeskrift, teikning og bokstavar, gjennom lese- og skriveaktivitetar

 

Kompetansemål etter 2. trinn:

  • lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk
  • uttrykkje tekstopplevingar gjennom leik, song, teikning, skriving og andre kreative aktivitetar
  • lytte, ta ordet etter tur og grunngje eigne meiningar i samtaler
  • beskrive og fortelja munnleg og skriftleg
  • lage tekstar som kombinerer skrift med bilete

 

Kompetansemål etter 4. trinn:

  • lese og lytte til fortellingar, eventyr, songtekster, faktabøker og andre tekster på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk, og samtale om kva tekstane tyder for eleven
  • utforskeog formidle tekster gjennom samtale, skriving, leik, bevegelse og andre kreative uttrykk
  • beskrive, fortelja og argumentera munnleg og skriftleg og brukespråket på kreative måtar
  • skrive tekstar med funksjonell handskrift og med tastatur

 

Kompetansemål etter 7. trinn:

  • lese lyrikk, noveller, fagtekster og anna skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhald
  • skrive tekster med funksjonell handskrift og med flyt på tastatur
  • leike med språket og prøve ut ulike verkemidlar og framstillingsmåtar i munnlege og skriftlege tekstar
  • utforske og beskrive samspelet mellom skrift, bilete og andre uttrykksformer og lage egne samansette tekstar
  • utforske og reflektere over samanhengen mellom språk og identitet

 

Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum gir born og vaksne gode opplevingar av språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk. Du finn oss ved Haugesenteret i Hardanger, Aasentunet på Sunnmøre og Vinjesenteret i Telemark.