Praktisk info

Klassetrinn
8.-10. trinn

Max antall elever
Etter avtale

Varighet
3 timar

Periode
Heile skuleåret, tysdag og torsdag

Pris
GRATIS

StedVis i kart
Olav H. Hauge-senteret, Promenaden 7, Ulvik

Annet
For 8.klassane tilbyr vi eit transporttilskot på inntil kr 100 per elev i samarbeid med Sparebanken Vest.

Bli kjend med den unge diktaren Olav H. Hauge, som berre ville lesa og skriva. Slå deg laus og kjenn på di eiga skaparkraft i poesiverkstaden.

«Ein tanke slo meg her um dagen» er det fyrste Olav H. Hauge skriv i dagboka si som 16-åring, og det vert starten på eit langt litterært liv. I dette undervisingsopplegget får elevane bli betre kjende med den unge Olav som søkte seg mot bøkene si verd. Han som skil seg frå dei andre på sin alder, fordi han berre måtte lese og skrive. Elevane får også kjenne på si eiga skaparkraft i Poesiverkstaden. Spennande oppgåver og stor takhøgde gjer at kreativiteten sit laust, og ofte blir både medelevar og lærarar imponerte over dikta som blir skrivne.

I møtet med lesaren og skrivaren Olav H. Hauge håpar vi elevane blir utfordra til å tenkje på seg sjølve som lesarar og skrivarar. I ei digital verd, der kommunikasjonen går stadig raskare, håpar vi at det refleksjonsrommet som Hauge skapte seg, i lesing og skriving, kan vekke ettertanke. I poesiverkstaden vil vi at alle skal få kjenna på skaparkrafta og kreativiteten i det å uttrykka seg skriftleg. Vi har som mål at elevane skal bli betre kjende med lyrikk som uttrykksform, og oppdage at dei dagleg omgjev seg med mange ulike former for lyrikk.

Foto Ingvil Skeie Ljones 

 

Pedagogisk gjennomføring

  • Omvising med fokus på den unge Hauge
  • Løyse oppgåver i utstillinga
  • Kreativ skriveverkstad med presentasjon for dei andre elevane
  • Film om og med Olav H. Hauge

 

Olav H. Hauge-senteret

Hauge-senteret gjev born og vaksne gode opplevingar av lyrikk og litteratur, kunst og musikk.