Praktisk info

Klassetrinn
Barnehage og 1.-2. klasse

Max antall elever
Opplegget kan tilpassast større og mindre grupper

Varighet
1 time

Periode
Heile året, tysdag til torsdag

Pris
Gratis

StedVis i kart
Olav H. Hauge-senteret, Promenaden 7, 5730 Ulvik

Annet
Barna kan ete eigen matpakke i museet sine lokale

Kvifor er det så mange fuglar i dikt og i songar? Kva er det som gjer at vi menneske er så glade i desse kvitrande og flygande skapningane? Og korleis står det til med fuglane våre i dag?

I dikt og songar finst det utruleg mange fuglar. Faktisk skreiv Olav H. Hauge som liten gut sitt første dikt på grunn av ein fugl. I ulike dikt og songar dukkar fuglane opp, men ikkje alle fuglane har det så bra. Vi må snakke om korleis vi menneske tek vare på fuglane og deira leveområde.

 

Pedagogisk gjennomføring

  • Utforsking av ulike tekstar med fuglar der barna deltek aktivt
  • Barna lærer om ulike fuglar og deira eigenskapar ved hjelp av lyd og bilete
  • Vi ser på korleis menneska påverkar fuglane sine levekår, og reflekterer rundt tema som natur og miljø
  • Vi avsluttar med aktivitetar som pusling og teikning i poesiverkstaden
  • Formidlingsopplegget er knytt opp til temautstillinga "Fuglar i lyrikken" 

Kompetansemål

Formidlingsopplegget støttar opp om fleire fagområde i rammeplanen for barnehage:

Kommunikasjon, språk og tekst:
Med dette formidlingsopplegget brukar vi fuglane som inngang til dikt og song. Vi tilbyr eit stimulerande læringsmiljø som oppmodar til samtale om litteratur og språk, leik og utforsking av ord og visuelle uttrykksformer. Vi håpar å stimulere og oppmuntre til fantasi og leseglede hjå dei små.  

Natur, miljø og teknologi
Formidlingsopplegget legg også til rette for å reflektere rundt tema som natur og miljø, og korleis vi menneske påverkar andre skapningar sine levekår. Barna får kunnskap om dyr og dyreliv, og vi håpar at dette bidreg til at dei opplever ei tilhøyrsle til, og ein respekt for, naturen rundt seg.  

 

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Olav H. Hauge-senteret

Hauge-senteret gjev born og vaksne gode opplevingar av lyrikk og litteratur, kunst og musikk.