Praktisk info

Klassetrinn
Barnehage og 1.- 4. trinn

Max antall elever
Opplegget kan tilpassast større og mindre grupper

Varighet
1-2 timar

Periode
Heile året

Pris
Gratis

StedVis i kart
Olav H. Hauge-senteret, Promenaden 7, Ulvik

Annet
Borna kan eta medbrakt matpakke i museet sine lokale

Vil du gå på kattejakt, prøve dikttelefonen? Høyre om korleis diktaren Olav H. Hauge var som liten gut? Leike med ord og bokstavar?

Utstillingane på Hauge-senteret opnar for fleire sansar med installasjonar om Olav H. Hauge og dikt som ein kan sjå, høyre og ta på. I basisutstillinga kan du slå nummeret til Hauge på ein gamal bakelittelefon og Hauge svarar sjølv med eit dikt. Inne i poesiverkstaden ligg det til rette for mange aktivitetar som magnetpoesi, teikne- og skriveaktivitetar.

Katten til Olav H. Hauge har gøymt seg fleire stadar i utstillinga. Gjennom å fylje kattespora finn ungane katten på uventa stader, og blir samtidig kjende med både Hauge og katten. Når alle kattane er funne er det lesestund i kattekroken.

 

Pedagogisk gjennomføring

Pedagogisk gjennomføring:

  • Vi fortel om den vesle guten Olav H. Hauge
  • Kattejakt
  • Leik med ord og bokstavar i poesiverkstaden
  • Formidlaren les ei nyare nynorsk barnebok for borna
  • Vi skreddarsyr eit opplegg som passar for aldersgruppa

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foto: Hauge-senteret/Ingvil Skeie Ljone

Kompetansemål

«Tanke og draum er himmelske køyrety», sa Olav H. Hauge. Gjennom å bli kjend med Olav H. Hauge og hans diktarverk ønskjer vi å syne korleis tanke, draum og fantasi er ei viktig drivkraft for menneske, og korleis vi kan bruke ord og litteratur til å uttrykkje oss. I tråd med Rammeplan for barnehage og kompetansemål i skulen tilbyr vi eit stimulerande læringsmiljø som oppmodar til samtale om litteratur og språk, leik og utforsking av bokstavar og visuelle uttrykksformer. Vi håpar å stimulere og oppmuntre til fantasi og leseglede hjå dei små!

Olav H. Hauge-senteret

Hauge-senteret gjev born og vaksne gode opplevingar av lyrikk og litteratur, kunst og musikk.