Praktisk info

Klassetrinn
4.trinn

Varighet
3-5 timar

Periode
veke 43 (2023)

StedVis i kart
Osterøy museum

Annet
Tilbod til elevar i 4.trinn på Osterøy gjennom DKS, elles etter avtale. Ta kontakt med Osterøy museum: osteroymuseum@muho.no

I dette undervisningsopplegget ynskjer vi å gje elevane auka forståing for korleis folk levde i det gamle bondesamfunnet der dei var sjølvforsynte med det meste. Korleis budde folk, kva mat hadde dei og korleis var dei kledd?

Vi besøker nokre av husa i museumstunet og snakkar om korleis det var å bu her. Kva mat dei laga og korleis dei skaffa seg klede og det dei trong ved å nytta lokale ressursar.

Elevane får delta i ulike aktiviteter.

Det kan vera

Matlaging: Male korn til graut, steike stompekaker

Bygning: Lage brakekledning

Klede: Lage tråd – kunnskap om korleis ein lagar tråd og klede, spinning på handtein

Farge med planter – lage farge til garn, eller blekk vi skriv med

Smie: lær å smi spiker

 

Kan kombinerast med vandring på kulturstien på Gjerstad. Her får ein mellom anna sjå gravminne frå folkevandringstida og restar etter gamle ferdsleårar.

           

 

Pedagogisk gjennomføring

Elevane delast i grupper og rullerer på stasjonar gjennom dagen.

Kompetansemål

Samfunnsfag etter 4.trinn: 

  • utforske kulturminne og korleis menneska levde i den tida kulturminna er frå, og 
    samanlikne med korleis vi lever i dag

Osterøy museum

Bygningane og resten av samlingane på Osterøy museum syner byggeskikk, levevis og tradisjonar på strilelandet. Hos oss kan du lære meir om: Lokal byggeskikk og bygningshandverk Lokal handverk-, industri- og kulturhistorie Tekstil- og drakthistorie og tekstilkunnskap for framtida