Praktisk info

Klassetrinn
For ungdomsskule og vgs.

Max antall elever
Opp til 30 elevar + lærar

Varighet
ca. 1t og 15 min

Periode
Heile året

Pris
GRATIS

StedVis i kart
Tekstilindustrimuseet, Salhus

Annet
Elevar kan ete niste i museumskafeen

Fabrikkomvising med fokus på dei sosiale, økonomiske og kulturelle endringane i perioden 1850-1980.

Elevane ser først filmen «Det var ein gong ein fabrikk…» som fortel fabrikken og Salhus si historie, deretter blir det omvising i Salhus Tricotagefabrik (1859-1989) med fokus på den industrielle revolusjonen og overgangen frå bondesamfunn til industrisamfunn. Omvisinga føl den gamle produksjonslina og elevane får innsikt i korleis klede blir skapt. Fleire maskinar blir demonstrert i løpet av omvisinga.

Kompetansemål

Mål for opplæringa i historie er til dømes at elevane skal kunne finne døme på hendingar som har vore med på å forme dagens Norge, og diskutere korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis. Dei skal og kunne drøfte viktige omveltingar i samfunnet i nyare tid.

Tekstilindustrimuseet

Det var ein gong ein strikkefabrikk... Bli med på omvising i trikotasjefabrikken frå 1859. Kjenn lukta som heng igjen i veggane etter mange års produksjon. Me tar deg med ned i karderiet og spinneriet, på spoleloftet og opp på sy- og strikkeloftet