Gjennom karding og toving får elevane forvandla ull til ei tjukk tråd.
Korleis lage klede, og kor kjem ulla frå?
I dette undervisningsopplegget får elevane bruke sansane til å bli kjend med ull som materiale og lære korleis ulla frå sauen kan bli til ein tråd som er utgangspunktet for alle slags tekstilar. Vi pratar om ulla sine eigenskapar og kor den kjem frå. Kanskje har nokre av elevane på seg noko som er laga av ull?
Elevane får utdelt kvar sine sett med handkardar og må arbeide med å tove ull, vi bruker ukarda ull og etter kvart ferdig farga ull. Elevane får oppleve at karding kan være hardt arbeid og at fargane blandar seg med kvarandre. Deretter blir det tid for å «tove ein tråd», ulla takast forsiktig av kardane for å tovast til lange pølser/trådar med hjelp av meir arbeid og litt grønsåpevatn.
Arbeidet er lagt opp litt som på ein fabrikk der formidlar går inn i rolla som direktør ved fabrikken og er den som bestemmer kva som skal gjerast og når. Ingen er ferdige med sin tråd før «direktør» (formidlar) har godkjent produktet.
Etter om lag 45 minutt med meir eller mindre hardt arbeid er det tid for ein liten pause kor elevane kan slappe av og nyte eigen niste i museumskafeen.
Etter pausen får gruppa ei alderstilpassa omvising i fabrikken. Frå barnehage til 3. trinn følgjer vi sauen Bæændik som lurar på korleis ulla kan bli til ein undikk. For dei som er litt eldre tar vi ei omvising med fokus på kva maskinane gjer og kva slags arbeid som må til ved kvar maskin. Fleire av maskinane vert starta opp under omvising, så elevane får ein smakebit på støyen, støvet og risikoen ved å arbeide med slike maskinar.
Undervegs i besøket og etterpå er det rom for mange gode samtaler rundt ull, klede og fabrikkar.
Kompetansemål
- 2. trinn - Design: kunne lage enkle gjenstandar og former i papir og tekstil gjennom å rive, klippe, lime, tvinne og flette.
- 4. trinn - Samfunnsfag: kunne formulere spørsmål om samfunnsfaglege tema, reflektere og delta i fagsamtalar om dei
- 4. årstrinn - Historie: kjenne att historiske spor i eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke
Tekstilindustrimuseet
Det var ein gong ein strikkefabrikk... Bli med på omvising i trikotasjefabrikken frå 1859. Kjenn lukta som heng igjen i veggane etter mange års produksjon. Me tar deg med ned i karderiet og spinneriet, på spoleloftet og opp på sy- og strikkeloftet