Praktisk info

Klassetrinn
Ungdomstrinnet

Max antall elever
20

Varighet
3 timar

StedVis i kart
Tekstilindustrimuseet

Annet
Opplegget passar perfekt for valfaget Design og Redesign

I dette undervisningsopplegget får elevane omvising på museet der dei lærar meir om korleis tekstilindustrien var før, korleis den er no og kva miljø og klimautfordringar den medfører. Etter omvisinga blir det sy-verkstad på syloftet der elevane skal sy stoffposar og hårstrikk (scrunchies) av gamle og øydelagde klede som ikkje blir brukt lenger.

Det enorme forbruket av tekstilar er et stort miljøproblem. Kvart år kastar nordmenn i snitt 23 kg klede. I staden for å kaste klede kunne veldig mykje blitt fiksa eller sydd om. I dette undervisningsopplegget vil elevane lære meir om utfordringane med vårt enorme forbruk av tekstilar, og dei vil få prøve seg på å sy noko nytt av gamle klede/tekstilar.

Opplegget passer perfekt for valfaget Design og Redesign. 

Pedagogisk gjennomføring

1. Omvising på museet der elevane lærar meir om korleis tekstilindustrien var før, korleis den er no og kva miljø og klimautfordringar den medfører.

2. Diskusjon rundt forbruk og klima når det kjem til tekstilindustrien. 

3. Oppdeling i grupper. 

4. Syverkstad der ein syr stoffposar og hårstrikk av gamle klede (elevane tar med seg brukte klede sjølv).

Kompetansemål

Design og redesign (DOR01‑02)

  • utforska og diskutera eksisterande produkts design og materiale i eit livssyklusperspektiv
  • designa og redesigna i ulike materiale på ein kostnadseffektiv og miljøbesparende måte

Tekstilindustrimuseet

Det var ein gong ein strikkefabrikk... Bli med på omvising i trikotasjefabrikken frå 1859. Kjenn lukta som heng igjen i veggane etter mange års produksjon. Me tar deg med ned i karderiet og spinneriet, på spoleloftet og opp på sy- og strikkeloftet