Praktisk info

Klassetrinn
Passer for ungdomstrinn og videregåande

Annet
På grunn av koronasituasjonen er utstillinga presentert og opna på nettet. Ta deg ein digital rusletur på Prærielandsbyen på Radøy og sjå fotoutstilling!

Spelar den norske arven inn på politiske synspunkt? Fleire av dei som er intervjua er begeistra for norsk samfunnstruktur og den norske velferdsstaten sine ordningar, men det gjeld ikkje alle. Alle ber likevel i seg ein visjon og ein draum om Norge som dei held levande på ulikt vis. Kva er typisk norsk for ein norskamerikanar? Kva kan vi som bur i Norge læra om oss sjølve og "norsk kultur" gjennom auga til norskamerikanarane.

https://draumenomnorge.no/ 

Utstillinga knyttar utvandringshistoria opp mot dagens samfunn og det føreståande amerikanske presidentvalet i 2020.

Utstillinga tek utgangspunkt i korleis unge vaksne norskamerikanarar i Seattle ser på si eiga avstamming og identitet. Kva har Norge å seie for dei i dag? Korleis er unge menneske knytt til ei arv og ei fortid som er så "fjern"-både i tid og stad? Seattle var ein av stadene mange nordmenn busette seg i den siste bølga av utvandring frå Norge-som varte heilt fram til 60-talet.

Mykje har forandra seg sidan nordmenn i hundretusener drog over havet til det lova landet Amerika, og etter at Norge fann olja har det meste av utvandringa stansa. Forfedrene til dei som er intervjua utvandra frå eit relativt fattig Norge, i håp om å finna noko betre. No er levestandarden i USA lågare enn hos oss. Korleis påverker dette "lengselen etter Norge" hjå unge norskamerikanarar?

Ingerid Jordal er ein frilans fotojournalist med base på Vestlandet som har spesialisert seg på fotoreportasjar og portrett. Ingerid har ein MA i fotografiske studier frå University of Westminster (UK) og har jobba som profesjonell fotograf og skribent sidan 2005. Ho er medlem av Pressefotografenes klubb, Norsk journalistlag og Norske billedkunstnere.

Sjå fleire av fotografia og historiane hennar på www.ingeridjordal.no eller på Instagram @Ingeridjordal 

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd og Fritt ord.

 

Pedagogisk gjennomføring

Utstillinga er eit godt utgangspunkt for diskusjon omkring samfunnstilhøva i Norge og verda fram mot presidentvalet i USA hausten 2020. 

Her er det relevant å reflektere omkring den norske velferdsstaten i høve til korleis andre land organiserer seg. Utstillinga kan gjerne sjåast i samanheng med NRK sin serie Sånn er Norge, med Harald Eia. 

Kva definerer velferdsstaten, og korleis skil den seg til dømes frå den amerikanske ordninga. 

Vil norskamerikanarane finne det Norge dei drøymer om, eller er vi i dag på veg mot ei tilsvarande samfunnsstruktur?

Samstundes kan vi også diskutere kva som egentlig er norsk kultur? Fins det ein norsk kultur? 

Kva har historie, røter og bakgrunn å seie for identiteten vår. 

 

Kompetansemål

Samfunnsfag

Engelsk, utstillinga vert også omsett til engelsk 

Nynorsk

Historie

Politikk

 

Vestnorsk utvandringssenter

Museum for migrasjon og kulturmøte i fortid og notid. Bli med på omvising i Prærielandsbyen med emigranthusa som er flytta frå USA til Radøy! Faste og skiftande utstillingar.