Praktisk info

Klassetrinn
8. -10. trinn. Videregående

Max antall elever
25 eller etter avtale

Varighet
1 - 1,5 timer

Periode
Skuleåret

Pris
Gratis

StedVis i kart
Sletta, Radøy

Annet
Matpakke kan etast her. Kan kombinerast med norsk utvandringshistorie

Den vanskelege reisa Amerikakoffert eller Europabag – kva tok dei med seg? Å forlate heimlandet sitt, frå svolt, fattigdom, naud eller krig er ei vanskeleg avgjerd, og krev stort mot. Åtte flyktningar, åtte filmar.

I Rådhuset på Prærien på Utvandringssenteret viser vi korte fortellingar/filmar om den vanskelege reisa. Åtte flyktningar frå Syria og Eritrea har laga digitale fortellingar.

Formålet er å vekke refleksjon omkring dagens migrasjon og flyktningar. Fortellingane skapar større forståing for dei som kjem, og opnar for samtaler omkring det å vere flyktning, om kvifor og korleis folk flyktar og bryt opp frå landet sitt. Vi trekk parallellar mellom 18-1900-talet sin utvandring frå Europa og Norge. 

Kunnskapsmål både innanfor faga historie, samfunnsfag og geografi er aktuelle, der kulturmøte og flyktningar er tema. Elevane får innsikt i flyktningstraumar, kvifor somme rømmer frå heimlandet sitt, og korleis det kan vere å komme til eit framandt land som flyktning.

Vi tek også for oss kva eit samfunn er, og reflekterer over kvifor menneske søkjer saman i samfunn, bruk av ulike kulturelle symbol og kva vi meiner med omgrepa identitet og kultur.

 

Pedagogisk gjennomføring

  • Introduksjon til utstillinga
  • Flyktningkrisa
  • Parallellar til den norsk utvandringa
  • Kart som viser fluktruter
  • Vising av åtte filmar/fortellingar skrive og fortalt av åtte flyktningar frå Eritrea og Syria
  • Kvar film vert vist og samtala om ein etter ein
  • Sjåast i fellesskap på stor skjerm
  • Fire ulike skjermar i tillegg dersom nokon vil sjå ein eller fleire av filmane om igjen

 

Vestnorsk utvandringssenter

Museum for migrasjon og kulturmøte i fortid og notid. Bli med på omvising i Prærielandsbyen med emigranthusa som er flytta frå USA til Radøy! Faste og skiftande utstillingar.