Praktisk info

Klassetrinn
Mellomtrinnet

Max antall elever
Etter avtale

Varighet
Opplegg frå 2 timar til heildag, avhengig av omfang og tal på aktivitetar.

Pris
Gratis

StedVis i kart
Vestnorsk utvandringssenter, Radøy

Annet
Opplegg med tal aktivitetar etter avtale. Utandørs aktivitetar. Hugs klede etter vær. Elevane kan ta med eigen matpakke,

I ein ekte amerikansk prærielandsby fortel vi om kulturmøte før og no, med utgangspunkt i den norske utvandringa til Amerika. Bli kjent med utvandringa gjennom aktivitetar og læring.

Mellom husa i Prærielandsbyen har vi aktivitetar med utgangspunkt i kva den norske utvandrarane møtte og opplevde då dei kom for å busette og etablere seg i Amerika.

Formålet med opplegget er refleksjon og å trekke parallellar mellom 18-1900-talet sin utvandring FRÅ Europa, til dagens migrasjon, både når det gjeld flyktningar TIL Europa, og arbeidsinnvandring i Europa.

Kunnskapsmål både innan for faga historie, samfunnsfag og geografi er aktuelle, der kulturmøte og flyktningar er tema, og elevane får innsikt i kvifor somme rømmer frå heimlandet sitt, og korleis det kan vere å kome til eit framandt land som flyktning.

Vi tek også for oss kva eit samfunn er, og reflekterer over kvifor menneske søkjer saman i samfunn, bruk av ulike kulturelle symbol og kva vi meiner med omgrepa identitet og kultur.

Pedagogisk gjennomføring

  • Pil og boge, eit våpen som vart nytta til jakt både av indianarar og andre
  • Luftgevær som også vart nytta til jakt og til å forsvare seg mot farar og fiendar
  • Lasso som vart nytte til å samle kveg
  • Leikar kjent for born både i gamlelandet og i Amerika
  • Gullgraving
  • Amerikaklede for jenter og guter
  • Amerikabilete framfor flotte bakgrunnar slik at du kan ta dine eigne og sende heim
  • Amerikabrev, der ein fortel om korleis ein har det, om lengt, og om gode og vonde sider ved reisa og det nye tilværet
  • Bålpanne med leirstemning og cowboymat

Kompetansemål

Utvandringshistorie og arbeid med migrasjon og mangfald er tett knytt til verdigrunnlaget i læreplanen, spesielt identitet og mangfald. 

Emna i dette undervisningsforløpet er innom alle kjerneelementa i faget samfunnsfag, i tillegg til mål etter 7.trinn: 

- å kunne reflektere over korleis møte mellom menneske har bidrege til å endre korleis menneske har tenkt og ulike samfunn har vore organiserte

- å kunne utforske korleis menneske i fortida livnærte seg, og samtale om korleis sentrale endringar i livsgrunnlag og teknologi har påverka og påverkar demografi, levekår og busetjingsmønster

- å kunne utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap

Vestnorsk utvandringssenter

Museum for migrasjon og kulturmøte i fortid og notid. Bli med på omvising i Prærielandsbyen med emigranthusa som er flytta frå USA til Radøy! Faste og skiftande utstillingar.