Praktisk info

Klassetrinn
mellomtrinnet, ungdomstrinnet, VGS

Max antall elever
25

Varighet
2 skuletimar

StedVis i kart
Vestnorsk Utvandringssenter, Sletta

Annet
Utstillinga står ut 2023

Med utgangspunkt i minnesmerka over krigsseglarane og 99. bataljon som står utanfor Emigrantkyrkja, inviterer vi til eit undervisningsforløp der elevane blir betre kjend med historia til krigsseglarane under 2. verdskrig og til lokale krigsseglarar. Vi blir og kjend med historia til 99. bataljon gjennom ein av dei som tenestegjorde der.

 Lærarbustaden i Prærielandsbyen huser ei samling med gjenstandar og bilete frå den 99. bataljon. Utstillinga vart laga sommaren 2012. I denne utstillinga møter vi krigsveteran John Pettersen (1915-2016) frå Radøy. Pettersen var sjømann ombord i ein tankbåt i Stillehavet då krigen braut ut. Då skipet la til kai i USA meldte han seg frivillig for den amerikanske hæren. I 1943 vart han soldat i Bataljon 99. Gjennom film, bilete og gjenstandar blir vi kjend med historia til John, som kan fortelje om korleis det kan opplevast å vera soldat og delta i krig.

Utanfor Emigrantkyrkja står det minnesmerke over 99. bataljon, i tillegg til eit monument over krigsseglarane. I dette undervisningsforløpet fortel vi om begge delar, og knytter det opp mot lokale historiar og menneske.

  

Pedagogisk gjennomføring

2 skuletimar

Formidling gjennom filmar, bilete og tekst saman med formidlar frå VUS i kafelokalet vårt Emigranten.

Utforsking av utstillinga Minne om ein krig, med gjenstandar, bilete og filmklipp knytt til 99. bataljon og veteran John Pettersen.

Kompetansemål

Undervisninga er forankra i den overordna delen av læreplanen og i samfunnsfaget sin relevans og kjerneelement.
Gjennom å utforske historiar frå 2. verdskrig og sjå korleis desse påverka menneska som opplevde det og samfunnet kring, ynskjer vi å bidra til kunnskap og auka medvit om demokrati og menneskerettar. Vi håpar å bidra til kompetanse om konflikt og konfliktløysing.

Vi henter kunnskap frå ulike typar kjelder, og elevane får oppleve foredrag, filmklipp i tillegg til å få utforske gjenstandar, bilete og tekstar frå 2. verdskrig i utstillinga vår knytt til 99. bataljon.

Vestnorsk utvandringssenter

Museum for migrasjon og kulturmøte i fortid og notid. Bli med på omvising i Prærielandsbyen med emigranthusa som er flytta frå USA til Radøy! Faste og skiftande utstillingar.